Nok ein gong var det surt ver med sterk vind og regn som prega overgangen til eit nytt år. Sjølv om veret kanskje la ein dempar på stemninga hindra det ikkje folk på Fitjar å ønska det nye året velkomen med fyrverkeri og stjerneskot.

For to år sidan hadde me kvit julekort-stemning på Fitjar gjennom heile jule- og nyttårshelga. I fjor opplevde Fitjarfolket nok ei kvit jul, medan det i nyttårshelga var vått og surt med svært mykje regn. Årets jule- og nyttårshelg har vore både våt og sur, sjølv om det har vore nokre lyspunkt innimellom. Ved overgangen til det nye året var det plussgrader i lufta, det blåste kraftig og regnet kom sidelengs. Det var vanskeleg å få fyr på både rakettar og stjerneskot, men begge deler vart likevel teke i bruk for å markera at eit nytt år tok til.

2011 har vore eit mildt og vått år. yr.no opplyser at på landsbasis har dette året vore det varmaste og våtaste ein nokon gong har registrert. Nedbøren i heile Noreg var 25 % over normalen, og 2011 er saman med 1983 det våtaste året heilt attende til 1900. Middeltemperaturen har på landsbasis vore 1,9 grader over normalen, og ekstremver har herja landet både i november og desember. Sjølv om ute-juletre står på skeiva, nokre tre har velta, takstein dotte ned, fakkeltoget første søndag i advent måtte avlysast og det har vore korte straumbrot er ikkje Fitjar av dei stadane som har vorte hardt råka av uveret.

Det er godt Fitjarbuen er vasstett og hardbarka, for det er framleis mykje regn og vind i vente. Men surt ver er ingen grunn til å ta ifrå oss gleda over eit nytt år med blanke ark, og dei fleste garderobar inneheld utstyr til å trossa regn og vind, ta naturen i bruk uansett ver og ynskja kvarandre eit riktig godt nytt år!

where can i buy steroids