Så mykje vind og regn har det vore i det siste at kona er begynt å kommentere med – Stabilt, kvar gong ei slik melding kjem. Men no skal det bli betre. Mykje betre.

Inspirert av av ba.no i dag har me òg henta inn langtidsvarselet frå yr.no som du kan sjå ved å klikke på biletet til høgre.

Godt er det at det snur no, elles kan me kanhende oppleve at det vert snakka som i dialogen som følgjer. Ein dialog som oppstod etter ein svært lang periode med regn.

– Har du vore i Syden, Ola?
– Nei. Kvifor spør du om da?
– Du ser så brun ut!
– Då må da vere rust!