Dåfjordingane kan no gle seg over at dei endeleg har fått skikkeleg vatn.

For nokre dagar sidan vart dei kopla til vatnet i frå vassverket, og no får dei  vatn frå Svartavatnet, som dei fleste andre fitjarbuar.

Tore Nesbø fortel til fitjarposten.no at han har venta litt med å gå offensivt ut med nyheita, for at ein skulle få nokre dagar på å sjå at alt fungerer som det skal.

-Men både i går og i dag har eg snakka med abonnentar i Dåfjorden, og tilbakemeldingane eg har fått er alle gode, seier han.