Julesnøen uteblei, og til gjengjeld blei fitjarbuen velsigna med rikeleg væte i julehelga.

Årets jul blei den våtaste og suraste i manns minne. Og såleis har det ikkje vore julekortstemning å sjå nokon stad. Bortsett frå innandørs. Då Fitjarposten var i kyrkja på første gudstenesta julaftan, var det faktisk ein del ledige plassar i benkene. Men julestmninga mangla ikkje. Skulemusikken svikta ikkje denne gongen heller; dei slo an tonen med kjente og kjære julesongar. Eli Simonsen las juleevangeliet, og kyrkjelydprest Nobukazu Imasu opna presangar og heldt ein tradisjonell tale som gav store og små julestmning å ta med heim til dei tusen heimane i Fitjar.

Dei som ventar på utandørs julestemning, ser ut til å venta forgjeves, skal me tru www.yr.no.