Sipande regnvêr makta ikkje å hindre at speidarar og bygdefolk fylte "Moahagen" til utandørs-gudsteneste, i samanheng med speiderleiren som no vert arrangert på Fitjar. Mellom 1500 og 2000 menneske tok del. 

Det heile starta ved at ein kjempestor flaggborg marsjerte inn og stilte seg rundt folket. Deretter var det preludium med speidarorkesteret og speidarforsongarar, før sokneprest Olav J. Oma opna gudstenesta.

Speidarane har sin eigen leirprest, ei dame ved namn Hilde Jorunn Arnø Vetrhus. Ho kjende tydeligvis "speidarspråket" og fekk god kontakt med ein gong. I preika tok ho utgangspunkt i Ole Brum, snakka om kor fint det er å ikkje vere åleine, men ha fellesskap og vener rundt seg.

-Jesus ville heller ikkje vere åleine, men valde seg 12 disiplar som sine næraste vener, i tillegg til Lasarus, Martha, Maria og andre. Samstundes var ikkje Jesus redd for kva andre meinte om han, eller kva dei ville sei om det han gjorde. Han gjorde det han gjorde, fordi det var Guds vilje. Som Guds Sønn, som gjorde etter viljen til Far sin.

Jesus valte òg å leve, døy og stå opp igjen, for at du òg eg skulle få leve. Jesu død gir oss mogelegeit for liv. Eller som det står i Johannes kapittel 1 : "I ham var liv..", sa Vertrhus.

Elles ønskte ordførar Harald Rydland velkomen til Fitjar, og overrekte speidarleiarane, på ein humoristisk måte, fitjarsåpe, laga av Fitjar Såpekokeri.

I ettermiddag skal speidarane ha marknad til inntekt for skulegong for barn i Thailand. Dette vart det òg snakka ein del om, til slutt.

Alt i alt ei flott stund.