Regnet kunne dei ikkje gjera noko med, men elles gjennomførte musikklaget eit innhaldsfullt og tradisjonsrikt 17. mai program.

I starten gjekk alt og heilt etterplanen. Barnetoget gjekk som det skulle trass i regnveret, gudstenesta og markeringa for dei falne likeeins. Men då hovudarrangementet i parken skulle starta sip-regna det slik at ein valde å flytta det inn i kyrkja.

Men her vart programmet gjennomført på ein humørfylt og høgtidsam måte, godt leia av Harald Rydland. Barnehageborna song, elevar frå 6. klasse hadde laga fin prolog, musikklaget og skulekorpset spelte, Osternes mannskor song – og vår eigen stortingsmann Ingebrigt Sørfonn tala om fridom og ankerfeste på fleire plan.

Barnehageborna syng. Foto: Håkon C. Hartvedt