Mange Fitjarlag deltok på Bendit Cup i Hustredalen i helga. Det vart ei våt og kald oppleving, men fotballgleda var like stor som alltid.

I helga gjekk årets Bendit Cup av stabelen på Nysæter idrettsplass.

Med over 150 påmelde lag kunne arrangørklubben Solid melda om deltakarrekord. Det var og spesielt mange jentelag med på cupen i år.

Fitjar hadde fleire lag i aksjon både laurdag og søndag. Sjølv om ikkje veret var det beste var det ei flott fotballhelg med god steming, full innsats på banen og engasjerte foreldre på sidelinjene.

På laurdag var gutar fødd i 2002, gutar 2001 og to jentelag i årsklassen 2001 i aksjon.

Jentene hadde heiarop og bidrog til høg stemning på kampane: «fitjar kvit, Fitajr grøn, spelar fotball som ein drøm!»

Då laga var ferdige med kampane sine var det tid for høgtideleg premieutdeling der alle laga vart ropt opp på scenen av TV2 sin sportsreporter Davy Wathne.

Fitjar bidrog sterkt til den gode jentedeltakinga på cupen. Søndag var to jentelag i årsklassenn 2000, to jentelag i årsklassen 1999 og to jentelag i årsklassen 1998 i aksjon.

Det vart ein spesiell dag med skiftande ver med alt frå snø og hagl til solskin.  Jentene syntes det var litt voldsomt med snø på banen og ballen, men dei spelte det beste dei kunne og klagde ikkje på veret.

Stolte foreldre sender stor takk til alle trenarane som brukar fritida si på å læra ungane å spela fotball!

 

Klikk på førstørrelsesglaset i hjørna på bileta i margen (nede til høgre) for å sjå dei i større format.

Lagbilete Fitjar kvit jenter 2001: framme f.v: Kaia Rydland, Silje Marie Kloster, Marthe Koløen, Elin Heggøy, bak f.v: Lina Rydland, Victoria Nordbustad, Malene Solli, Olga Vestbøstad, Maria Prestbø og maskot Vilde Heggøy. Foto: Anne Helene Vestbøstad

Lagbilete Fitjar grøn jenter 2001 - IMG 1824: framme frå v. Thea Træet, Mathilde B.Rydland, Mari Hatlevik, Alice Rose Mehammer og maskot Linnea Vestbøstad.  Bak f.v Katrine L.Torland, Miriam Træet, Vilde Vestbøstad, Rebekka Tverborgvik, Eli Inntveit og Frida A.Traa. Foto: Anne Helene Vestbøstad

Lagbilete Fitjar grøn jenter 2001 – IMG 1824: framme frå v. Thea Træet, Mathilde B.Rydland, Mari Hatlevik, Alice Rose Mehammer og maskot Linnea Vestbøstad.  Bak f.v Katrine L.Torland, Miriam Træet, Vilde Vestbøstad, Rebekka Tverborgvik, Eli Inntveit og Frida A.Traa

Jenter 2000: Frida Kjærland, Stina Vik, Alin Vik, Stine Volden, Marte Rimmereid og Anette S. Drønen. Foto: Rune Longfjeld Rimmereid