Fitjar Servicesenter sleit med kaldt og surt regn då dei viste fram hageutstyret sitt i går.

Hagedagen på bensinstasjonen regna nesten vekk i går. Dei hadde tenkt å trekkja store og små til butikken med hoppeslottet til Hans Olav Tufteland. Det måtte monterast, i noko redusert utgåve, inne i verkstaden. Her fekk Fitjarposten sjekka at det fungerte bra, men passar nok betre for den yngre garde …

Tre firma er med i Fitjar Servicesenter med ein tredel kvar: Byggmarkedet ved John Helge Bukkøy, Fitjar Eiendom ved Jo Kjetil Strand og Altimek ved Hans Engel Ivarsøy.  Ute ved vegen hadde dei montert eit telt med ymse hageutstyr. Plenklipparar i alle fasongar og storleikar, kantklipparar og motorsager til hagebruk. John Helge Bukkøy meiner det må vera ein fordel å kjøpa slikt utstyr hos dei, etter som Hans Engel Ivarsøy kan ta seg av all slags service og reparasjonar. 

Bukkøy fortel elles at han leverer leverer stein i ymse fasongar til hage og gardsplassar. Og ved teltet hadde han plassert ein av liftane sine. Gjennom firmaet sitt Byggmarkedet, leiger han ut liftar som er godt eigna for privatpersonar. 

Me la elles merke til ein usedvanleg låg bensinpris i går; 12,64 kr literen er ikkje dagleg kost.