Gråvêret har ikkje klart å øydeleggja årets TINE fotballskule, melder fotballfolket.

Heller ikkje i år blei fotballskulen velsigna med det beste vêret, men det let ikkje til at fotballfolket klagar. Rundt 70 deltakarar stilte då fotballskulen blei opna måndag morgon. Anne Helene Vestbøstad i styret i fotballgruppa seier seg godt nøgd med dette talet. Dei siste åra har ein rett nok hatt vel hundre deltakarar, som er maksimum skulen kan ta. Men i år gjekkk det nokre få dagar etter skulane slutta før fotballskulen kom i gang. Dermed er det nok ikkje anna å venta enn at ein del hadde reist på ferie då fotballskulen begynte.

Det blir rapportert om god stemning, trass i gråvêret, og ingen klager. Første dagen kom ungane våte heim. Tysdag begynte òg faretrugande med eit kraftig torevêr, men etter kvart blei det godt og tenleg fotballvêr. Nesten opplett heile dagen og brukbar temparatur, rundt 20 grader, gav dei beste forhold for dribletrening, trening på frispark, fotballmerkeaking og mange andre øvingar.

Trass alt har fotballfolket vore heldige med vêret, for ikkje lenge etter at fotballskulen var slutt i dag, begynte regnet å pøsa ned. No er det berre å kryssa fingrane for at vervarselet på yr.no for morgondagen ikkje slår til.