Siste etappen ned til Noregs sydlegaste punkt, kap Lindesnes, måtte Jon Fredrik Hartvedt sykla i det me på godt norsk kallar skikkeleg «pissavêr». Men på dei siste mila fekk han sykkelselskap av broren Helge-Mikal.

Vel framme ved skiltet som syner at han er komen fram, med Lindesnes fyr i bakgrunnen, vart han òg møtt av ein familiær velkomstkomite, og dobbelburger-tallerken på kafèen, etter at han hadde vore oppe på utsiktplatået til Lindesnes fyr.

Vart det slik du forventa?

-Eg veit ikkje heilt kva forventningar eg hadde. Trudde kanskje at det ville bli lettare etterkvart. Det vart det ikkje. Det måtte ny motivasjon til heile vegen, spesielt i møte med motvind og alle fjella, seier han. Så har han òg forsert mange fjell på turen sørover: Finnmarksvidda, Dovre, Jotunheimen, Golsfjellet – og kanskje ikkje minst: Fjella på Senja. -Men det har gått greitt, sjølv om eg vart noko lei på slutten, fortel Hartvedt.

Han brukte 25 dagar på turen, men køyrde ikkje strakaste veg. Turen rundt vestkysten av Senja, Lofoten og andre avstikkarar, gjorde at han endte opp med 2854 km i staden for 2518, som skiltet på Lindesnes fortel at avstanden til Nordkapp er. På turen har han ikkje lege innomhus, men campa i medbrakt telt kvar natt.

-Eg sykla frå kl. 10.00 – 18.00, og så gjekk det med ein og ein halv time i forkant og etterkant til opp- og nedri gging av teltet + inn- og utpakking, får me vite.

Maten har Hartvedt laga på stormkjøkken eller kjøpt ferdig i matvarebutikkar med varmdisk. Eit par gonger har han campa på campingplassar og fått dusja der. Andre gonger har han bada i sjø eller vatn.

Om Jon Fredrik har sykla åleine, tyder ikkje det at han ikkje har hatt det sosialt. -Eg var ikkje åleine som syklist på vegen, og me stoppa alltid for ein prat når me møtte på kvarandre. Både nordmenn og utlendingar. Mange artige typar, smiler han.

Fugleliv og dyreliv har han òg fått med seg. Både elg, reinsdyr, rev og hare har han møtt på. Likeeins kan han fortelje om mange idylliske overnattingsplassar. Naturen kjem nærare innpå ein når ein syklar.

-Men Lofoten og Jotunheimen er og blir noko heilt spesielt, seier han til slutt.