Vassendgutane på Fitjar i januar 2018. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Vassendgutane speler i idrettshallen på Fitjar laurdag 19. oktober, skriv Ole Bergesen i ei pressemelding.

18. desember 2018 blei Vassendgutane tildelt sitt 19. trofé, då dei blei overlevert gullplate  for ”Du & Ej & Meetoo”.

At ein norsk artist er blitt tildelt så mange trofé for sine album, talar sitt klare språk om den eventyrlege suksessen til bandet gjennom 23 år.

Managementet opplyser at nye rekordar blei sett i 2018, og at bookingplanen for 2019 berre har nokre få hol frå å vera fullbooka.

”Tidsreise” er namnet på årets turné. Ny settliste er ferdig, og som turnénamnet seier, vil publikum i år bli tatt med på ei tidsreise i den enorme katalogen av låtar som bandet disponerer.

Vi vil få oppleva nokre av de tidlege låtane som sette Vassendgutane på det norske  artistkartet. Desse blir pakka inn i ei produksjonsdrakt som samsvarer med notida. Nyare musikk og dei store hitlåtane som har toppa listene, vil sjølvsagt også bli å høyra.

NYE LÅTER: Bandet kan også opplysa at dei har sleppt fleire låtar i 2019. Både Sindre og Arthur er godt i gang med skriving av nye songar. På det siste albumet debuterte også Rune som låtskrivar, og rykte vil ha det til at han også er i gang med ein ny låt.

UNIK OPPLEVING: Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet leverer eit show som få andre band i denne kategorien kan visa til. Allsongen ”rungar” i store hallar og på dei største festivalane når bandet speler.

- Annonse -

– Vi har heile tida lagt vekt på kvalitet og det visuelle, dette satsar vi på å forsterka ytterlegere på ”Tidsreise”, opplyser manageren til bandet.