Påska er for lengst over, og kyrkjegarden er moden for ei lita oppfrisking. Foto: FP-arkiv/KR.

I desse dagar ber Fitjar sokneråd inn til vårdugnad på kyrkjegarden, og Tom Rydland vonar rett mange sambygdingar kan vera med og ta eit tak.

Kyrkjegarden og områda rundt kyrkja er noko alle folk i bygda, både fastbuande og tilreisande, har eit forhold til.

– Me ynskjer at området skal ta seg godt ut og presentera den flotte bygda vår på ein god måte, seier Tom Rydland.

Han er ansvarleg for å organisera dugnadsarbeidet, og han fortel at han har arbeid til alle som ynskjer å bidra. Det blir arrangert dugnadsøkter ein del kveldar framover, men om ein heller ynskjer å utføre sine oppgåver til andre tider eller saman med ein ven, er det sjøvsagt berre positivt.

Tanken er at alle skal få bidra etter interesser og evne: – Har du kunnskap innan beskjering av buskar og tre? Har du godt grep om hekksaksa eller målepenselen?

– Om du heller vil arbeide med motorsag eller gravemaskin er det berre fint, seier Tom Rydland, her trengst alle typar interesser og reiskapar, og me vil få kjekke arbeidsøkter saman!

Sommarhjelpene er allereie godt i gang og vil ta unna alt som har med grasklipp framover. Ein gjeng har også vore i sving med dugnadsarbeid. Det som soknerådet no ynskjer å få utført på dugnad er mellom anna vedlikehald av gjerde, klipp av hekkar, fjerning av hekk, beskjering av buskar og tre, måling og stell av vannpostar.

Tom Rydland minner om at situasjonen er litt spesiell denne våren all den tid det så langt ikkje er tilsett ny kyrkjegardsarbeidar.

– Men kjenner me bydefolket rett, vil kyrkjegarden også dette året vera eit godt blikkfang og ein god stad å opphalda seg gjennom våren og sommaren! seier dugnadsleiaren optimistisk.

Arbeidet blir organisert gjennom ei facebookgruppe, men om du har anledning og lyst til å bidra, må du gjerne ta gjerne kontakt med Tom Rydland på telefon 908 46 841.

Tom Rydland er ein allsidig mann, som kan meir enn å syngja vakkert. Foto: FP-arkiv/KR.