Ein fitjarbu har sendt oss e-post der han skriv at vipa vart observert på eit jorde mellom prestebustaden og kyrkjegarden i ettermiddag.

Ein fitjarbu har sendt oss e-post der han skriv at vipa vart observert på eit jorde mellom prestebustaden og kyrkjegarden i ettermiddag.

Me har lese litt om vipa på Norsk Ornitolologisk Forening sine nettsider. Det kan sjå ut som at vipa er litt tidleg ute i år, i følgje det Terje Lislevand skriv. Ein annan stad står det at ho kjem til Sør-Norge i februar. Vipa overvintrar i Vest-Europa, gjerne i Spania og Frankrike. I fleire land blir ho utsett for jakt og fangst, og saman med følgjer av hardt klima om vinteren blir vipa no rekna som ein nær truga art her i landet. Ved tilfeldig lesing av artsobservasjonar ser me at vipa på Fitjar alt er registrert. Det er altså fleire som har sett ho i dag 25. februar.