Visste du at tydelege vårteikn ikkje er berre av det gode?

Dersom så er tilfelle, kan vinteren kome og ta hemn. Slikt kan ein lese om i boka Merkedagar og gamle skikkar. Dette får kvar og ein tolke som dei vil. Men det er berre ei veke sidan siste snøfall og gradestokken har vist kuldegrader også i denne veka.
I hagen har snøklokkene blomstra i fleire veker, og krokus og klosterklokker ser me på lune stader. Tulipanane bryt seg smått om senn opp av jorda. Synet av bladknoppar på rosestilkane bør ikkje få oss til å klyppe buskane enno. Mange seier at ein skal vente til bjørka får ”museøyra”.

Raklane (hannblomane) på hasselen er lett synlege, medan ein må gå nær inntil for å sjå hoblomane der den raude griffelen stikk fram. Gåsungane på selja er ikkje talrike der me går og tuslar. Under eiketrea oppdagar me nokre få kusymrer som bryt seg opp mellom tørre blad og kvistar. Langs bekken der det er leirjord, finn me ikkje teikn til hestehov enno.

Vårteikn er ikkje berre det me ser, men også det me høyrer eller luktar. Flyttfuglane er på veg og den vakre songen er det grunn til å lytte på. Elles er det nok ingen som kan unngå å bli pirra i nasa av den lukta som breier seg når blautgjødsla sprutar ut av gjødselvogn eller slangar. Dei bøndene som framleis spreier møk på litt eldre vis, slepp unna sure kommentarar, vil eg tru.

Skrik og skrål av kråker og måkar fekk oss til å sjå godt etter her ein dag. Ørna som flaug over huset let seg ikkje fotografere. Det såg faktisk ut som ho blei mobba av ein ramn. Og alle småfuglane som framleis leitar etter mat på fuglebrettet, var brått borte.

Bileta blir større når ein trykkjer nederst i høgre hjørne.