F.v. Sigurd Andre Maraas, Jo Kjetil Strand, Harald Rydland, Kjell Nesbø og Karen Elisabeth Rydland Sæbø.

Optimistiske for Fitjar si framtid, men ueinige om eigedomsskatten.

Valkampen er for alvor i gang, og på Fitjar møttest ordførarkandidatane til debatt i dag. Tale Hauso og Oddgeir Øystese frå NRK reiser rundt i alle kommunane i Hordaland å held valdebatt, og i dag tidleg var det Fitjar sin tur.

Heile morgonsendinga til NRK Hordaland vart sendt frå Larsenbygget i dag, og Siv og Mariann såg ut til å kosa seg på Fitjar. Ordførar Wenche Tislevoll vitja sendinga frå litt over kl.06, medan dei fem ordførarkandidatane kom til ordet nokre minutt over halv 9.

Her vart det prata mykje om kommunen sin økonomi. Skal ein auka eigedomsskatten eller fjerna den var blant spørsmål politikarane måtte svara på. Ogso vindmøller, grendaskulane og kommunesamanslåing var tema ein kom innom.

Politikarane på Fitjar vart utfordra på kor skilnadane mellom partia er i Fitjar, og her var det særleg spørsmålet om eigedomsskatt, og om ein burde reversera flyttinga av 7.klassane som delte partia.

Fitjar ligg ikkje nede for teljing

Det kunne sjå ut til at det var breidd semje blant partia om at økonomien er utfordrande, men at ein ikkje må svartmåla det.

– Me må ikkje få det til å høyrest ut som Fitjar kommune er heilt på konkursens rand. Økonomien på Fitjar er ikkje heilt nede for teljing. Eg trur me må henta inntekter ved å få ned sjukefråværet, få nye arbeidsplassar og veksa som kommune, sa Sigurd Andre Maraas (Frp).

Kjell Nesbø(Ap) synte ogso til nye arbeidsplassar, som i oppdrettsnæring, medan Jo Kjetil Strand viste til smarte løysingar for å spara pengar.

- Annonse -

– Me meiner eigedomsskatten er ein enkel måte å få inn pengar på, men me vert mindre attraktive, og det vert ei hindring for vekst, sa Jo Kjetil Strand.

– Kommunen økonomien er ikkje so galen i dag. Eg fryktar ikkje for økonomien, så lenge me legg opp til å få fleire innbyggjarar til bygda, seier Harald Rydland (KrF). Han fortalde at eigedomsskatten er eit nødvendig middel for å få økonomien til å gå rundt.

Karen Elisabet Rydland Sæbø(Sp) meinte ogso at eigedomsskatten er nødvendig, sjølv om det ikkje er ynskja.

– Me ynskjer å seia til våre veljarar at me vil at Fitjar skal vera ein eigen kommune, at me vil ha krinsskulane, og at me vil gje tenester til eldre og unge. Me vil driva ein forsvarleg kommune økonomi, då treng me eigedomsskatten.

Heile debatten kan de sjå ved å trykka her. Rundt 14.12 vert det ny debatt frå Stord.