Etter to gull, tre sølv og tre bronse i NM var det ikkje rart at det vanka marsipankake etter treninga i Fitjar Karate Senter i går. Heller ikkje at ordførar Wenche Tislevoll stilte med spesiallaga tale.

Ordføraren hadde lese seg opp om idretten og meinte at karate er noko mange fleire burde kunne drive med. Men først og fremst var det ein stolt ordførar som på bygda sine vegner takka for den flotte NM-innsatsen. Ikkje minst noregsmeistrane Terje Hillestad og Jedrek Rutkowski, som gjekk heilt til topps i kvar sin klasse, etter grad og alder.

Terje begynte i Stord Karateklubb i 2001 og gjekk for to-tre år sidan over til Fitjar-klubben. Han fortel at han begynte fordi karate virka fancy og gøy, og noko anna enn handball og fotball. Jedrek begynte i Fitjar Karate Senter i 2008, «inspirert av mamma», som han seier. Filosofien bak sporten med stor vekt på respekt betyr svært mykje for han i tillegg til det reint sportslege. Og både Jedrek og Terje rettar stor takk til trenar Sukhwinder Koløen, som verkeleg har lagt liv og sjel i arbeidet for å hjelpe folk i klubben fram.

Det er heller ikkje tvil om at resultatet er ei skikkeleg fjør i hatten for trenar Sukhwinder Koløen, som starta Fitjar-klubben frå scratsj i 2007. – Dette er berre kjempegreier. Eg er mest i lykkerus, seier han.

Svarte belte neste år?
– Om dei klarer graderinga i juni i år og trenar hardt, kan fleire av medlemene i klubben oppnå svart belte i juni 2015, fortel Sukhwinder vidare, og desse er: Anne Berntsen, Geir Haakon Hillestad, Terje Hillestad, Rebecca Koløen, Morten Korsvik og Vegard Vik. I dag er det berre Sukhwinder sjølv som har svart belte.