Vert det finale på denne gjengen? F.v. Astrid Bukkøy, Ingrid Ersland Undheim, Vilde Karin Iversen og Halvor Blix. Foto: Ingrid Hovstad

Laget frå Fitjar vidaregåande som skulle delta i Tine Matcup møtte stengt E39 etter ulykka på Stordbrua i morgontimane.

Tidlegare i veka skreiv me om laget frå Fitjar vidaregåande som skulle til Haugesund for å kjempa om ein finaleplass i Tine Matcup under årets vanskelege tema: slottsmiddag. Lagleiar og lærar Astrid Bukkøy fortel at dei ikkje kom seg lenger enn til Heiane i dag.

– Reglane sa at me fekk delta om me var inntil 90 minutt for seine, men når politiet kom og fortalde at brua vart stengt i fleire timar var det berre å køyra heim att.

– Elevane hadde gleda seg til å visa fram ferdigheitene sine, men uventa ting kan skje. Me sender vår medkjensle til dei ramma av ulykka. Me vil berre oppdatera dei som hadde lese at me skulle delta, fortel Bukkøy.