Det blir ikkje fotballspel i Fitjar Idrettspark denne vårsesongen, etter at grasbanen blei sådd torsdag ettermiddag.

Driftsansvarleg Geir Tore Søreide fortel at det ikkje blir fotballspel på grasbanen før etter ferien. Etter at det blei sådd grasfrø i kveld, må banen få høve til å gro fleire månader, om den skal nå vanleg standard.

Geir Tore Søreide fortel at han er svært takksam for at bøndene har stilt så velvillig opp for å hjelpa til. I dag har Tore Sigurd Fitjar spreidd eit tynt lag med sand på grasmatta. Og i kveld var det Frode Fitjar som sådde grasfrø på heile banen.

No kryssar Geir Tore fingrane for at banen skal vera klar til bruk over ferien. Det same gjer eit par hundre fotballspelarar i Fitjar Idrettslag.