Dei som køyrer via Synningjo til Fitjar har sett trekantskiltet med ein vegarbeidar på.

Denne gongen er det sandblåsing og måling av jernbjelkane som går på langs under brua. I november i fjor vart det laga nye støypekantar rett før og etter brua. Mange har nok venta på ei forbetring av sjølve rekkverket på brua, som også ser ut til å trenge ei opprusting. Kor ofte denne brua har blitt vedlikehalden, veit me ikkje, men ho var klar til bruk i 1962. Då vart det enklare for øvrebygdarane å kome seg til Fitjar.

Firma BMO Entreprenør, som høyrer heime på Kongsberg, utfører arbeidet under brua. Me har lese i bladet Sunnhordland om deira vedlikehaldsarbeid på Møllebrua på Leirvik også. Det er Statens vegvesen som leiger firma BMO til ulike prosjekt i Hordaland.