Sværre Sæterbø varmar grishuset sitt med vedfyring, og sparer på den måten fleire titals tusen i straum kvart år.

Rett nok har han ikkje sett vedfyringsanlegget i ordinær drift enno, men prøvefyringa ser ut til å fungera perfekt. Så det er truleg berre snakk om kort tid og noko papirarbeid før han kan varma grishuset sitt med ved på permanent basis.

Han har montert vedfyringsanlegget i eit tilbygg til reiskapshuset, og varmt vatn går i isolert røyr til grishuset nokre meter unna. I omnen er det eit vedinnlegg på 350 liter, og her lør Sverre innpå ved to gonger for dagen no når det er kaldt, og annankvar dag når det er mildaret i vêret. Kvar gong han fyrer, legg han innpå fem 60-kilossekker med ved. Han passar på å lø å veden fint innpå så det ikkje kjem for mykje luft til. 

Vedomnen yter 75 kilowatt og varmar opp vatnet i to svære kjelar på 4000 liter kvar. Desse isolerte kjelane fungerer som varmemagasin, og er bygde for å ta best mogeleg vare på varmen. Varmtvatnet blir pumpa inn grisefloren i isolert røyr på to gonger 40 millimeter. Og tilbake til fyrrommet for oppvarming igjen. 

Sverre fortel at vedfyringsanlegget er ei relativt stor investering på fleire hundre tusen kroner. Men han reknar med at det er nedbetalt i løpet av fem til åtte år. Han reknar med å spara 300-600 kr dagen i straumutgifter med denne oppvarminga, noko som i det lange løp blir mykje pengar. Og ved har han meir enn nok av, med hundrevis av dekar med lauvskog og barskog av ymse kvalitet. Han reknar med å bruka mellom 30 og 40 mål ved i året, og for Sverre er dette ein mykje meir lønnsam måte å bruka veden på enn å selja den til oss som fyrer med ved heime.