Fitjar skulekorps fyller 50 år i år og feira med ein flott sommartur til Calella i Spania no i juni.

Etter mykje fram og tilbake pga vektarstreiken kom korpset seg heldigvis av garde frå Haugesund lufthamn søndag 20. juni, som planlagd. Eg var heldig og fekk vera med på turen som mor. Det vart ein lang reisedag med tidleg oppmøte, lang venting, ombooking i London og til slutt ein times busstur før me var framme ved hotellet vårt, Hotel Kaktus Playa, i Calella ved kysten like sør for Barcelona.

I Spania var det eit variert program som inkluderte mykje tid til bading og soling, shopping, sightseeing, badeland og aktivitetar på hotellet i tillegg til konsertar og marsjering.

Korpset deltok på ein internasjonal korpsfestival saman med korps både frå Noreg, Sverige, Frankrike og Italia. I den store mengda av vaksenkorps, blandakorps og skulekorps var nok gjengen frå Fitjar det korpset med desidert lavast gjennomsnittsalder. Til tider var det nokre som stilte seg undrande til om desse små og søte raudkledde frå Noreg kunne  spela eller i det heile bæra dei store instrumenta dei hadde. Slike tankar gjorde musikkantane til skamme med sine svært så flotte konsertar både i festivalteltet, i byen og under Paraden gjennom gatene i Calella. Korpset var i sitt ess under hiele turen, og fekk folk til å svinga med på Månemannen og synga og dansa som Michael Jackson på Beat it og Heal the World. For mange av foreldra og for dirigenten var desse konsertane dei verkeleg store høgdepunkta på turen. Korpset hausta alltid rungande applaus og mottok mange lovord for dei musikalske prestasjonane sine.

Temperaturen var god medan me var i Spania. Det starta roleg med 19 grader første dagen, og så gjekk det sakte men sikkert opp til 26 grader i skyggen den siste dagen. Det var og denne siste dagen at korpset skulle ha sin utekonsert i sentrum, ved kyrkjeveggen i steikande sol midt på dagen. Varmen var ei stor utfordring, men med utallige vatnflasker på lur, drikkepausar, våte capsar og vatnspray til ansiktet leverte dei ein fantastisk flott konsert, som viser at dei taklar mange ulike utfordringar, og som gjorde både dirigent Svein Roger Koppang og alle foreldra svært stolte.

Dirigenten sa i si sommarhelsing til korpset at dei hadde gjort ein svært bra innsats i Spania og at han var både imponert over dei og stolt av å vera deira dirigent, og minna dei om at dei og hadde all grunn til å vera stolte av seg sjølv!

Av dei mange ulike opplevingane meinte fleire at turen til Barcelona vart det største, særleg dei som heiar på FC Barcelona og som fekk besøkja heimestadionen deira, Camp Nou, og kjøpa seg skikkelege Barcelona-drakter. Det var dyrt å koma inn så enkelte tok vare på billetten som ein viktig og verdifull suvenir. Andre igjen haldt ein knapp på turen til badelandet Waterworld i Lloret de Mar, der både små og store kunne boltra seg i mange spennande basseng og sklier.

Dei kveldane som ikkje vart nytta til speling samla musikkantane og foreldra seg rundt billjardbordet, storskjermen som synte VM-kampar, rundt wolleyballnettet på stranda eller til ein runde med Stratego. Og til glede for korpsforeldre som trakterer, eller har traktert, eit eller anna brass-instrument vart det litt øving ein kveld og konsert på bassengkanten den siste kvelden. Notar og instrument vart lånt av korpset, og sjølv om nokre av dei vaksne er aktive musikarar i musikklaget, var det fleire tiår sidan mange av dei andre foreldra hadde spelt. Opplevinga var nok større for dei som spelte enn for publikum, men det skapte liv og røre både på og utanfor hotellet, og seniorkorpset hausta stor applaus. Om applausen kom av kvaliteten på musikken, motet til dei vaksne musikkantane eller den morsomme kjøkengjengen er vanskeleg å seia, men for nokre var dette uansett noko av det kjekkaste dei var med på på heile turen.

Tida i Spania gjekk så altfor fort, og mange ville hatt endå meir tid til bading. På bassengkanten den femte og siste dagen spurde ein musikkant ein annan: «Skal det ikkje bli godt å koma heim, savnar du ikkje familien og vennene dine heime no når du har vore så lenge vekke?» Det kom eit raskt, kontant svar: «Nei, eg har jo eit heilt korps her!» Slik var det, korpset og dei føresette som var med var som ein stor familie der alle var saman med alle på tvers av alder, og der ein heile tida hadde noko å finna på og nokon å vera saman med. Dette gav både musikkantar og foreldre ei svært god oppleving. Då eg snakka med musikkantane om turen på vegen heim var det berre skryt og godord å høyra. Det hadde vore så mange kjekke ting å gjera, og i tillegg var hotellet heilt topp, og maten var kjempegod.

Foreldra smiler og frå øyra til øyra og kan ikkje få fullrost musikkantane og reisefylgjet nok. Ungane oppførte seg eksemplarisk, til og med på dei lange reisedagane, og alle var med alle. Det einaste dei sakna var ein kopp med god, norsk kaffi.

Turleiar Erling Prestbø syntes og det var kjekt å vera på tur. Det var ein del arbeid i forkant, bl. a. på grunn av vektarstreiken, men etter at me kom oss av garde var det så godt som ingen problem. Då han takka for turen i bussen ein stad i Rydlandsskogen fekk han rungande applaus frå 58 glade og fornøgde, men trøtte, turdeltakarar.