Fitjarposten, og mange med oss, nytta den varme, fine søndagen i Fitjarfjellet.

Gårsdagen var ein usedvanleg fin vårdag Fitjarfjellet, med temperatur opp mot 15 grader. På sin runde rundt Kidno kunne Fitjarposten konstatera at snøen er i ferd med å forsvinna, og isen på dei store vatna går snart opp. Svartavatnet er dekt at store isflak som sikkert vil forsvinna i løpet av denne veka. På Mosavatnet, derimot, ligg isen over det heile, og vil nok liggja eit par veker til.

På Mosavassheiane kunne me sjå vellukka resultat av svidinga til Osternes beite- og sankelag i slutten av november. Om nokre få år blir det godt beite til glede for Osternes-sauer og andre.