I kveld kan det bli månelyst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Det eine vårteiknet etter det andre viser at våren er komen, og i dag opnar sommarhalvåret med vårjamdøger.

I kveld, onsdag 20. mars kl. 22.58, går sola inn på den nordlege delen av himmelen, og astronomisk sett blir dermed sommarhalvåret – endeleg – innleidd. Det er kunnskapsformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard som minner oss om dette gledelege faktum. Saman står dei bak nettstaden astroevents.no.

Dag og natt er like lange

Denne dagen blir kalla vårjamdøger fordi dag og natt er like lange over heile jorda. Dagane blir no merkbart lengre og sommarhungrige nordmenn vil kjenna ein tydeleg forskjell på varmen frå sola.

– I år opplever me ein superfullmåne på den same dagen som me har vårjamdøger – eit ganske sjeldan sammentreff! skriv Sannes og Ødegaard.

For første gong sidan år 2000 er det fullmåne på same dag som vårjamdøger, noko me ikkje får oppleva igjen før i 2030. Under dagens fullmåne er månen spesielt nær jorda i den avlange banen sin, og me får derfor ein superfullmåne – ein spesielt stor og lyssterk
fullmåne. Ved fullmåne kl. 02.43 natt til i dag var avstanden berre 360 772  km, mot gjennomsnittleg 384 000 km.

I dag er det tolv timar frå soloppgang til solnedgang, dvs. at dag og natt er like lange over hele jorda, noko som inntrer to gonger i året, ved vårjamdøger og haustjamdøger. Sola står rett over ekvator, og berre på jamdøgera kan ein person som står ved ekvator, sjå sola passera rett over hovudet (i senit) midt på dagen.

På nordpolen kjem sola til syne igjen etter eit halvt års vintermørke og går først ned igjen om seks månader – ved høstjamdøger. På sørpolen skjer akkurat det motsette: Sola går ned og blir borte i eit halvt år for så å dukka opp i igjen ved høstjamdøger.

Konsekvensar for Noreg

Årstidene på jorda. Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retning pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia.

Daglengda aukar no raskt – aller raskast nord i landet – og me merkar at solvarmen aukar hurtig dag for dag både fordi sola kjem høgare på himmelen og fordi sola er oppe fleire timar i døgeret og har lengre tid til å varma opp bakken og lufta.

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og science fiction-forfattar og kunnskapsformidlar Anne Mette Sannes. Foto: Privat