Greta Marit Veka Maraas og Kjersti Toppe på besøk hos Podlen Verkstad. Foto: Fitjar senterparti

Debatt: Målet er at VTA vert utbygd etter behov, og behovet er stigande viser det seg. Difor er det så viktig at Stortingspolitikarar kjem på besøk og tar innspel frå brukarar og tilsette med tilbake til Oslo og Stortinget.

Av: Grete Marit veka Maraas, leiar for Utval for oppvekst og omsorg og 3. kandidat Senterpartiet i Fitjar

Varig tilrettelagt arbeid, VTA, er ei god ordning som har opna døra inn til arbeidslivet for ein del av som har stått utanfor. Mange av deltakarane er kome ut av isolasjon og inn i eit arbeidsfellesskap. Mange har kjent på einsemd og tenkt at dei var til liten nytte i samfunnet. Det handlar også mykje om å få venner, yta noko og høyra til i eit felles skap. Å bidra til samfunnet gjev sjølvkjensle og verdigheit.

For å ha rett til ein VTA plass, må ein ha uføretrygd eller i gong med uføretrygd, ein må ein restarbeidsevne og ein må kunna koma til verksemda sjølv. Alle som får plass, får individuell oppfølging. I utvalet for oppvekst og omsorg har me arbeidd mykje med korleis me skal får til fleire VTA-plassar for brukarar frå Fitjar, noko me i Senterpartiet har programfesta. Løysinga for Fitjar må vera å få fleire plassar til Podlen Verkstad på Heiane, som produserer ulike varer og tenester. Drifta er støtta av statlege midlar.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe frå Senterpartiet, har onsdag 21/8-19 vore på besøk i nabokommunen Stord. Etter møte med leiinga på Stord sjukehus gjekk turen vidare til den nye sjukeheimen på Stord, og så til slutt besøkte ho Podlen Verkstad AS på Heiane, der det vart lunsj, kaffi og kaker.  Underteikna var så heldig å blei invitert med dit. Både Stord og Fitjar Senterparti har vore jamleg i kontakt med Kjersti Toppe om VTA plassar. Difor var det kjekt at ho tok seg tid til ein tur i Podlen verkstad for å sjå seg om og få innspel om bedrifta med tilrettelagde arbeidsplassar.

Me fekk gå gjennom dei ulike lokala og sjå kva aktivitetar brukarane held på med, og ein ser at Podlen Verkstad er ein flott arbeidsplass. I dag har dei 27 plassar fordelt på Stord og Fitjar, der Stord har flest, men ein skulle gjerne hatt fleire.  Det er mange på venteliste, oppimot så mange som 8-10 stk. Fleire av ungdommane som gjekk ut av vidaregåande skule no, og kunne trengt ein slik plass, har ikkje noko tilbod. Dei vert gåande heime. Dei er klar for arbeidslivet, men kan ikkje fungera i det ordinære arbeidslivet. Så her er det behov for å auka kapasiteten med fleire plasser. Det er fint mogleg for Podlen Verkstad AS å utvida. Det er også kome inn ynskje til Fitjarpolitikarane om å starta opp eit tilbod i Fitjar. Det har vore sak i kommunestyret fleire gonger. Men her treng ein statlege midlar for å få dette til. Det er Stortinget som løyver pengane.

Me veit at dette med VTA plasser har vore oppe i Stortinget. Kjersti Toppe var i vår med å løfta debatten høgare opp, så det vart ein diskusjon om ein skulle løyva meir pengar til fleire plassar, og sjå på regelverket. Kort fortalt så førte dette til at Stortinget i revidert budsjett løyvde 13 nye plassar til Nav Vestland. Stord og Podlen Verkstad fekk ein av desse. Det nyttar at me snakkar med Stortingspolitikarane vår og at dei er så flinke som Kjersti Toppe til å ta sakene vidare! Målet er at VTA vert utbygd etter behov, og behovet er stigande viser det seg. Difor er det så viktig at Stortingspolitikarar kjem på besøk og tar innspel frå brukarar og tilsette med tilbake til Oslo og Stortinget.

Me i Fitjar Senterparti er glade for at Kjersti Toppe tok turen til Podlen verkstad AS. Fleire VTA plassar er noko Fitjar Senterparti jobbar for, og prøver å påverka stortingspolitikarane våre til prioritera dette veldig viktige tiltaket. Dette har me og i valprogrammet vårt.

- Annonse -