Det er stor variasjon i temakveldane i Fitjar kyrkje denne våren.

Først ut er Solveig Leithaug og Garness som kjem til Fitjar 30. januar. Solveig har vore ein velkjent artist i kristen samanheng over mange tiår, og Garness er blitt landskjent gjennom sin utrulege musikalitet og samarbeid med andre kjende artistar. Mange fekk nok med seg det TV-sendte programmet med dei i jula. 

13. februar kjem Hans Johan Sagrusten for å snakke om «Den største mangelen på biblar i verda – eit glimt frå Cuba», før det er duka for salmekveld 27. mars.

Til den siste temakvelden i vår hentar ein heim Fitjar sin eigen Sylvi Levåg. Ho har skrive fleire bøker og vil 24. april snakka om temaet «Ver tru mot deg sjølv – om eigenverd, grenser og fridom som menneske». 

Sjå elles plakaten oppe til høgre. Klikk for å få han større.