Som det har vore tradisjon dei siste åra «tjuvstartar» Fitjarfestivalen med Vise- og lyrikkveld, torsdag. Menyen ser både variert og spennande ut.

Deltakarar i år vert Sigrid Fangel (dikt), Eli Simonsen (dikt/rim) og Harald Johan Sandvik (forteljing). I tillegg vert det song ved Audun Arthur Mehammer, Ingvild Oma og Anne Karin Nilsen. Sistnemnde vert akkompagnert av Harald Rydland på piano. Konferansier er Ann-Sofie Drønen. 

Alle er dei  lokale aktørar som er velkjende for sine talent. 

Konserten finn stad i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

-Ta med vener og kjende og få ein opplevingsrik kveld på Fitjar, oppmodar Kultur- og informasjonssjef Bente Bjelland.