Sogekvelden torsdag kveld blei ei stor oppleving for eit vakse publikum, som fylte Kultursalen nesten til siste plass.

Dei siste åra har me blitt utskjemde med flotte kulturopplevingar av gode formidlarar. Og gårsdagens sogekveld blei ikkje noko unnatak. Tittelen «Har du høyrt?» høvde godt for framsyninga – mykje hadde me nok høyrt før, men slett ikkje alt. Og me gjekk vel alle heim med meir kunnskap om soga vår. Og sikkert litt ekstra stolte, både over soga og over gåverike formidlarar, som nytta varierte verkemiddel for å nå fram til eit takknemleg publikum.

Forteljar Harald Johan Sandvik tok oss over 1000 år tilbake i tid, før han sleppte til Tom Rydland, som song Håkonarkvadet, med god hjelp av Bent-Jarle Brenne og Bård Inge Bø. Sigrid Fange viste seg igjen som ein ypparleg opplesar, då ho fortalde om segner og skrømt frå Fitjar. Den skumle stemninga blei forsterka av den unge dansaren Inger Muri Slettebø. Sistnemnde imponerte også i grunnlovsdansen, saman med Malin Tislevoll og eit heilt ensemble av unge dansarar.

Harald Johan Sandvik, som sjølv er vaksen opp på gjestgjevarstaden Færøysund, fortalte kort om historia til dei norske gjestgjevarstadene. Heilt frå kong Håkon kom med påbod om gjestgjevarstader i 1303. Det skulle vera minst ei mils avstand mellom gjestgjevarstadene, og dette var bakgrunnen for konflikten mellom kremmaren på Pilapodlen og naboen Løche Larsen på Engesund. Levande dramatisert av Marit Digernes, Bård Inge Bø og Tom Rydland.

Som ei innleiing til eit kapittel om 1814, fortalte Arne Tislavoll om Fitjar tidleg på 1800-talet, og bad oss minnast lokale aktørar og det store dei var med på. Ein av forfedrane hans hans, Salomon Tislavoll (1761-1845), blei vald av kyrkjelyden til å vera med og velja representantar til den grunnlovgjevande forsamlinga på Eidsvoll.

Dei gåverike forteljarane Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland museum, gav ei levande framstilling av arbeidet til Eidsvollsmennene. Med fokus på dilemmaet dei stod overfor – mellom kompromiss med svenskane og sjølvstende. Bjørn Arve Lunde skifta enkelt og elegant frå rolla som fattigmann, kong Karl Johan, prins Christian Frederik og andre hovudpersonar under dramaet i 1814. Og eit retorisk spørsmål til slutt: 200 år med fred i Norden var vel verd eit kompromiss, eller kva?

Forteljar og konferansier Harald Johan Sandvik fortalte – ikkje utan humor – alt det store som skjedde i Fitjar i andre halvdel av 1800-talet. Fitjar blei eigen kommune i 1860, Fitjarsjøen blei kommunesentrum, og den nye Fitjar kyrkje stod ferdig i 1867. Uerstattelege middelalderverdiar blei øydelagde, då kyrkjene blei erstatta med store trekyrkjer. Etter lova skulle ein tredel av kyrkjelyden få plass i dei nye kyrkjene, og det blei mykje satire: Fitjar-kyrkja var så stor, blei det sagt, at presten ikkje lenger sa amen – i staden blei det sendt «STOPP» på ein maskintelegraf!

Slutten på 1800-talet og byrjinga på 1900-talet blei levande skildra av Rasmus Fitjar. Han las frå minneskriftet til Kristian Rein, som til liks med Rasmus voks opp på Reino, men 80 år tidlegare. Marit Digernes spela rolla som Tora Regine Eide, f. 1902, og gift med Anders Engevik. Alf Gjøsæter fortalte om den første verdskrigen, og det dramatiske slaget utanfor Brandasund i 1917. Tre britiske marinegastar dreiv i land i desember 1917, og ligg gravlagde på Fitjar kyrkjegard. Enkelte som ikkje visste det før, veit no at det er dei som ligg i den fine grava på høgre side, rett innanfor kyrkjegardsporten.

Etter mykje alvor – godt ispedd humor av Harald Johan Sandvik – venta sjølve rosina i pølsa til slutt. Per Drønen var dreng på husmorskulegarden som 18-åring i 1961. Han vekte som vanleg jubel og applaus med sin humoristiske måte å fortelja på. Han hadde blant anna jobben med å henta dei nye elevane då dei kom til Fitjar med «Bremnes». «Det første møtet med Fitjar var meg», fortalte Per Drønen til stor applaus. Og dei gode formuleringane, som det vaksne publikumet kjende seg godt att i, sat laust. Som det ungkarane sa dersom dei ikkje hadde lukkast hos årets elevar før dei reista att: «Viss det går opp i tull, ventar me berre på neste kull!»

Per Drønen fekk god hjelp av allsidige Harald Johan Sandvik, som spela journalist frå bladet «Sunnhordland», eller «Vikalappen», som Per Drønen insisterte på. Denne gongen drog Harald Johan på ein umiskjenneleg aksent som han verken har lært i Færøysund eller i Sandvikvåg. Han avslørte at han truleg har det beste språkøyra i Fitjar då han på  imponerande vis karikerte stordamålet slik det har framstått på Vikjo i vår tid.

Ordførar Wenche Tislevoll hadde mykje å takka for då ho runda av den imponerande framsyninga med desse orda (fritt gjengitt): «Den som ikkje kjenner historia, kan ikkje vera med og forma framtida». Før ho delte ut velfortente roser til kultursjef Bente Bjelland, biblioteksjef Silje Vågen Thorbjørnsen og alle dei andre deltakarane.

Ingressbilete: Sentrale menn i Fitjar-soga, Håkon den Gode i bakgrunnen, og dei gåverike og allsidige formidlarane Tom Rydland og Harald Johan Sandvik. Foto: Kjetil Rydland.