Temakvelden «Landsbyprestane» i Fitjar kyrkje i kveld baud, ikkje uventa, på stor variasjon.

Olav Oma var først ute og leia det heile frå galleriet. Innimellom bidrog han med kjende Bjørn Eidsvåg-låtar frå 80-talet, og synte at han har ei stemme som taklar desse låtane svært godt. Med seg hadde han eit band der Dagfinn Brekke trakterte både gitar og el. gitar på glitrande vis. Steinar Vik var som alltid stø på trommene og Harald Rydland fekk orgelet til å fungere både som keybord og bassgitar. Godt jobba av både vokalist og band.

Nobukazu Imazu fekk ved lysbilete og kåserande forteljing fram gledene han har opplevd i Fitjar med omsyn til både arbeidet med ungdomane – og ikkje minst ved padling. Han fekk òg ein del ungdommar fram til korte intervju om dette.

Herman Inge Aadland kjenner me frå før som ein lun og treffande humorist. Han fortalde denne gongen morosame historier, mellom anna frå si eigen prestetid. Mellom anna då han ved ei julegudsteneste mens han var prest i Hafslo kom til å lese feil i opplesinga av juleevangeliet. I staden for å lese: Maria tok Jesusbarnet, sveipte det og la det i ei krybbe, las han: «sveipte det og la det i ei krukke». Latteren fekk verkeleg frie kår under Aadland sitt innlegg. Han avslutta det heile vakkert ved å «gje oss litt adventmat til liv» i det han las ifrå 2. Korintarbrev 8:9: «De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike».

Roald Drønen sitt bidrag var å intervjue Svein Kåre Meling, som for ei tid tilbake flytta frå Fitjar tilbake til plassen der han er fødd og oppvaksen: Sønstabøvågen på Bømlo. Intervjuet vart ein open og ærleg samtale om dei store spørsmåla. Meling som tidlegare var medlem i Human-Etisk Forbund, men melde seg ut for ein del år sidan, fortalde at han likevel ikkje var komen fram til ei kristen tru. 

– Når det gjeld dei store spørsmåla som om Jesus er Guds Son, om jomfrufødsel og oppstode, må eg putta dei i «undringsboksen». Men mykje i Bergpreika har eg stor sans for. Ikkje minst «den gyldne regelen», sa han mellom anna. På spørsmål frå Drønen om det var noko han angra på i livet, sa han ærleg og ope at han angra på at han ikkje hadde besøkt foreldra sine meir dei siste åra dei levde.

– Så les Bergpreika og besøk foreldra dine, oppmoda Svein Kåre Meling til slutt.

Kvelden vart avslutta på ein fin måte av Nobu, som fortalde om eit møte med songforfattaren Trygve Bjerkrheim, før ein song ein av dei aller mest kjende songane hans: «Han tek ikkje glansen av livet».

Ingressbilete: Olav Oma med band. På gitar Dagfinn Brekke, trommer Steinar Vik og orgel Harald Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt