Familikonserten på Sjøsio under Fitjarfestivalen laurdag føremiddag presenterte eit vidt spekter av det som rører seg i musikklivet i bygda, frå toradar til opera, og puplikum naut musikken i strålande solskin.

Toradartuppene med ein hane i korga og gjestemusikarar på bass (Øyvind Fitjar), fiolin (Petra Becker) og song/gitar (Cecilie Anna) opna konserten med litt annan musikk enn det me er vane med å høyra dei spela. Denne gongen gjekk det ikkje i tradisjonell folkedansmusikk, men det norske stykket Våronn og irske tonar som stod i stil til det maritime preget Fitjarfestivalen har. Ei flott opning av konserten.

Marthe Volden Nordfonn, Ingrid Skår Bergesen og Ingvild Moldestad Oma utgjorde ein flott jentetrio. Dei har stemmer som kler kvarandre og hadde ei flott framføring av Without you.

Ingvild M. Oma hadde og tre duettar med Audun Arthur Mehammer og med Andreas Vik på trommer. Av The eight, Drive by og One likte me aller best den i midten som fungerte svært godt for den lokale duoen.

Med SIlje Rydland si framføring av Idas sommervise vart det verkeleg sommarstemning på kaien og under hennar kraftfulle versjon av I will always love you gav me oss ende over. Vår eiga Whitney Housten skapte magisk og rørande stemning med den romantiske klassikaren som aldri vil gå av moten så lenge ein har slike dyktige songarar til å framføra den med ei slik kraft og innleving.

Konserten vart avslutta med den islandske operasongaran vår, Runar Thor Gudmundsson som song  You raise me up og Nessun Dorma frå operaen Turandot. Operasongaren var i storform og hausta stor jubel og applaus for si framifrå framføring både av den populære Løvland-songen og det meir høgkulturelle operastykket. Fitjarbuen synte at dei set pris på begge delar.

Nessun Dorma tyder Ingen skal sova, og for dei aller ivrigaste festivaldeltakarane og nokre av dei som står bak festivalen kan vel det seiast å vera eit godt slagord for helga, for her skjer det noko frå seint til tidleg. I skrivande stund ventar ein på at fiskefestival-deltakarane skal koma inn med fangsten og det vert klargjort for premieutdeling ca. halv fire. Sigurd Andre Maraas i festivalleiinga reklamerer for konsert med dans i Fitjar kultur- og idrettsbygg i kveld, samstundes som han testar kortreist mat frå matteltet og skryt av både Fitjarpølsa og Torlands-stuten. Og den kjende Bergen-songaren Ring meg-Gabriella er ventane til Fitjar kvart sekund og vil gjera seg klar til konsert på sjøsio klokka 19 i kveld. Ja, her er det mykje for ein kvar smak, både å gjera, smaka og høyra på, som godt alternativ til sofasliting framfor OL-skjermen.