Fleire gamle kjenningar frå Fitjar gjorde seg sterkt gjeldande i kvinneklassen og sørgde for at laget deira vann finalen. Men i herreklassen stoppa det tidleg opp for det einaste reine Fitjar-laget.

Laget «Dei raude snøballane» frå Stord gjekk gjennom heile turneringa utan å sleppa inn eitt einaste mål. I finalen blei det siger 4-0 etter at Kari Fykse Lie og Lena Stokken scora måla. Ein annan gammal kjenning på laget var Maiken Taranger. Konkurransen i kvinneklassen var kanskje ikkje så kvass.

– Men seier er no alltid kjekt, da, seier landslagsspelar i rugby, Kari Fykse Lie.

I den skarpaste herreklassen stabla Torbjørn Korsvik på beina eit skarpskodd mannskap av A-lagsspelarar frå Fitjar, både noverande og eit par avdanka. På laget «Tors englar» utgjorde Trond Henriksen og Ketil Fykse kvoten på to ikkjeaktive som alle lag i romjulscupen må ha med. Løpskrafta på laget blei representert ved Øyvind Fykse Lie, Henrik Raunholm Kjelling, Jan Åge Tislevoll, André Helland og Kjell André Thorland.

Alle såg ut til å trivast med futsalballen, som blei brukt for første gong i romjulscupen i år. Den sprett mindre enn dei andre «hårete» innefotballane som har blitt brukte før, og ser ut til å favorisera folk med god teknikk.

Men ikkje nok til at «Tors englar» kom seg gjennom åttedelsfinalen. Her møtte dei Maskiin FC, eit lag dei burde ha slege. Men ein litt uoppmerksam dommar medverka til at det stod 1-1 ved ordinær tid. I straffekonkurransen var Maskiin best, og englane til Torbjørn måtte pakka sekken og reisa heim.

Ei trøyst får vera at også Christian Brink og «Leif Erik Star Team» rauk ut i sin åttedelsfinale.