Torsdag 23. april er det duka for den siste temakvelden i vår i Fitjar kyrkje. Bilete: Koret Sanctus.

«No stig vår song» er temaet for kvelden.

 – Me blir kjent med ein del av dei nye salmane i den nye salmeboka. Songane blir knytt saman med bildande kunst.
 
Sokneprest Arnt Johan Vistnes og kantorane Bjarte Aadland og Jan Overweg (på kisteorgel) tek del saman med koret Sanctus frå Nysæter kyrkje.
 
– Velkommen til ein variert og fin salmekveld! skriv Eli Simonsen i temakveldgruppa.