Mellom sluddbyene i går la me merke til at våren kikkar forsiktig fram.

Det er ingen sensasjon at hestehoven blømer i byrjinga av mars. Men like fullt er det gledeleg å sjå at våren er i anmarsj etter ein haust som har vart i ei halvt år.


Årets første hestehov i full blomst. Foto: Kjetil Rydland.

På Kringjen (ja, kor er no det?) kom me i dag over eit par hestehovar som kikka forsiktig fram i lyset. Me finn det så gledeleg – blant sluddbyene – at me ønskjer å dela det synet med allmugen.


Desse hestehovane vågar berre så vidt å kikka fram i lyset. Foto: Kjetil Rydland.

Vakne lesarar har kanskje òg lagt merke til at hatlebuskane stå med store, velutvikla raklar. Til dei kan me opplysa at desse raklane truleg har overvintra. Det er ikkje noko særsyn – sjølv om det er litt uvanleg. Dette har me fått opplyst på svært velinformert hald.

 


Hatlebuskane er pryda med store, velutvikla raklar allereie. Foto: Kjetil Rydland.