Søndag var det fullt liv i krokusane, med humler som pynta seg med det finaste pollen våren så langt kunne by på. Foto: Arne Vestbøstad

 

No er det kanskje ikkje så uvanleg at humlene er tidleg ute. Ifølgje Wikipedia hender det rett som det er at ein kan møta dronninghumler i snøvêr. Oppslagsverket fortel vidare at humlene kan vera vekselvarme, men også varmblodige, altså produsera sin eigen kroppsvarme gjennom forbrenning av feitt og karbohydrat. Men temperaturen må koma opp i over 30 grader i brystpartiet, og ei nedkjølt humle treng litt tid på å få opp temperaturen. Dei siste dagane med frost, gjer at humlene kan slita med å få opp temperaturen. Det viste desse humlene som til dels snubla seg rundt på blomane. Men iveren var det ingenting å seia på.

 

Humla er ennå litt rusten, og kravlar litt døsig rundt på blomane. Foto: Arne Vestbøstad