Avdelinga for kvitevarer og andre elektriske varer var tydeleg endra i dag. Dette hadde samanheng med at Varehuset no er tilknytt Euronics-kjeda.

Karsten Vestbøstad fortel at dei ikkje har vore direkte knytt til noko kjede den siste tida. For å kunne drive i dag må ein mest være tilknytt innkjøpsordningar. Dette er med på å tilrettelege for betre prisar som igjen kjem kundane til gode. I den nye kjeda har den lokale butikken større muligheit til å bestemme vareutvalet sjølv enn i mange av dei andre kjedene. Varehuset vil satse på kjente merke og håper på at det utvida utvalet vil verta interessant for fitjarbuen. Varehuset er i dag einaste butikken i Sunnhordland som er knytt til Euronics-kjeda.