Tysdagsklubben på  Øvrebygda bedehus inviterte born og foreldre til utflukt sist veke.

Rundt 70 små og store møttest på Solgry leirstad i Sveio, der nokre av borna har vore på leir fleire gonger. Matlysten var stor då alle sessa seg i matsalen. Pizza, salat, pølser og brød gjekk ned på høgkant, og ingen takka nei då isen kom på bordet.

Utandørs var det mange aktivitetar å velje mellom. Dei eldste borna var svært interesserte i gokart. Leikestativ med sklie, reiler og klatretrinn frista dei yngste. Både gutar og jenter hadde lyst til å prøve elektrisk minigravar og mini-firhjuling. Det såg ut til å vere kø for å hoppe på trampoline. Minigolf og trehjulssyklar i ulike storleikar var og populært.

Til slutt var det samling innandørs med song og andakt ved Wenche Størksen. Klubbleiar Karen Elisabeth delte ut blad, kort og cd med barnesongar. Truleg var det frisk song og musikk til underhaldning då alle bilane køyrde heimover, og kanskje var det fleire som sovna i bilsetet etter ein så aktiv ettermiddag. Klubben tek pause no, men til hausten er borna velkomne til nytt semester.