Fitjar kulturskule hadde ein enkel vårkonsert på Fitjar bu- og behandlingssenter i ettermiddag.

Det var 9 kulturskuleelevar i alderen 10-13 år som saman med lærarane Anne Lene Ø. Jordåen og Orlaug Evensen stod for konsertprogrammet. 12-13 bebuarar og nokre pleiarar var møtt fram for å få med seg konserten med dei unge musikarane. Konsertprogrammet spente frå Gubba Noa til Bach og Mozart, men mest av alt var denne konserten ein hyllest til landet vårt og naturen, med hovudvekt på vårsongar og 17. mai-songar. Pianistane som deltok var Sandra Pedersen, Guro Rimmereid, Marie M. Oma, Ingvild Prestbø og Ingvild M. Oma. På fløyte deltok Judith E. Hageberg, Inger Louise Sandvik og John Kevin Sandvik. Marthe V. Nordfonn og Ingvild M. Oma opptredde med song. Etter endt konsert fekk elevane ros og takk. «Dei var så flinke!», vart det sagt.