Med 3. plass på sprinten i Oberstdorf på laurdag avgjorde Mariann Vestbøstad Marthinsen world cup samanlagt før siste dag.

Ho vann 20 poeng føre Andrea Eskau. 

No er det Paralympics i Sotsji som gjeld. Men det startar ikkje før 7. mars.

Til fitjarposten.no fortel Mariann at ho vil vere i Noreg til 20. februar. Då er det Pre-camp  i St. Moritz i Sveits. 

-No gjeld det å oppsøkje snøen og håpe at han kan kome til Vestlandet snart. Familien har leigd hytte i Myrkdalen denne veka, så eg tek ein tur dit. Deretter reiser eg vidare til Beitostølen for å få fine forhold.

Etter det får eg sjå det litt an, seier ho.