Kampen mellom Fitjar og Bremnes i Fitjar Idrettspark i ettermiddag vippa begge vegar. Men så avgjorde Kjell Træet for Fitjar heilt i slutten av kampen, slik at Fitjar vann 2-1.

Fitjar hadde nok klart dei fleste sjansane, men når 2. omgang lid, stillinga er 1-1, og Bremnes får ein susar i stonga, er det ikkje trygg ro hos Fitjarpublikumet.
Samstundes var Fitjar gong på gong "berre millimetrar" frå å skåre, før Kjell Træet til slutt  fekk ballen i nettmaskane. Fitjar sitt første mål vart skåra av Gjert Ståle Olsen.

Trenar Roald Hansen sin kommentar etter kampen er:-Jippy!
Noko som er godt forståeleg. Det er stor forskjell på å henta heim 3 poeng i forhold til å bli ståande med eitt, for å ikkje å snakka om 0, etter denne kampen.

Her er Agnar sin kommentar:

Fitjar vann sin første kamp i årets serie og det var fortent.  Fitjar starta litt forsiktig og Bremnes ville mest dei 10 første minutta.  Men etterkvart overtok Fitjar og hadde mange og store sjanser og det vart fullt fortent at Gjert Ståle Olsen scora, og Fitjar burde nok ha leia meir etter 1. omgang.

Andre omgang var nok meir jamn, men med eit visst overtak til Fitjar.  Fitjar burde nok sett nokon av sine mange sjanser, men mot slutten av kampen stod det og vippa og Bremnes hadde ein stor sjanse til å ta alle poenga når dei sendte i veg eit longskot som gjekk i stolpen.

 Men i stadan var det Kjell Træet som runda 3 spelarar inkludert keeper og satte ballen i mål i kampen sin siste minutt, og Fitjar fekk sin første seier fullt fortent.

 

Gjert Ståle Olsen vart av ein lokal jury kåra til Fitjar sin beste spelar.

Fitjar – Bremnes                 2 – 1 Fitjar Idrettspark 12.05.07 kl 15.00.  Ca 100 tilskodarar. Mål:  01 min.     0 – 1 Torstein Mæland.        15 min.     1 – 1 Gjert Stålen Olsen        90 min.     2 – 1 Kjell Træet. Gult kort:   Arild Træet, Fitjar og 2 frå Bremnes. Fitjar sitt lag:Torstein Myhre, Tor Jørgen Larsen, Arild Træet, Helge Træet, Trond Henriksen, Kjell Træet, Åsmund Sørfonn, Ørjan Paulsen, Ronald Skår, Gjert Ståle Olsen og Kjell Magne Halleråker. Innbytte:   60 min.     Sondre Fykse Lie for Ørjan Paulsen.                75 min.     Roald Hansen for Ronald Skår.