Hanne Tveita, Morten Skumsnes og Svein Erik Vik sørgde for at Fitjar Skyttarlag fekk sitt 5. og avgjerande napp i vandreskjoldet under årets Sunnhordlandsmeisterskap i skyting i Skånevik i helga.

Dermed fekk Fitjar Skyttarlag dette vandreskjoldet, som vart oppretta for 17 år sidan, til odel og eige. Fitjar fekk sitt første napp i skjoldet i 1995.

Hanne og Morten skyt begge to i klassen for eldre rekrutt, og begge fekk 100 av 100 mogelege poeng. Svein Erik Vik fekk 98 av 100. Utruleg bra det òg. Sidan han skyt i junior, måtte han skyta seks skot kneståande.

Svein Erik gjekk dessutan heilt til topps i juniorklassen i meisterskapen.

Me gratulerer!