Fitjar vann det spennande toppoppgjeret mot Halsnøy med 1 – 0

Fitjar tok tilbake serieleiinga i kampen borte mot Halsnøy.  Fitjar vann fortent 1-0 etter eit glimrande angrep der Ronald Skår la hardt inn frå kanten, og Kjell Magne Halleraker dunka ballen i mål.
Første omgang var spelemessig jamn, og det vart ikkje dei heilt store sjansane, dersom ein ser vekk frå målet Fitjar fekk – og straffesparket som Halsnøy fekk i slutten av 1 omgang som Trond Henriksen meisterleg redda.  Same Henriksen var nok Fitjar sin beste mann med fleire store redningar.  Men alle skal ha ros for ein kjempeinnsats gjennom heile kampen.
I andre omgang var Fitjar det førande laget og burde nok punktert kampen tidleg i omgangen.  Kjell Træet hadde eit langskot i målramma og Thomas Vestbøstad Waage var åleine med keeper ved fleire høve.
Alt i alt ein fortent siger som førte Fitjar tilbake til topp på tabellen.

Fitjar: Trond Henriksen, Tor Jørgen Larsen, Arild Træet, Knut Johannes Selsvold, Helge Træet, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Åsmund Sørfonn, Gjert Ståle Olsen, Kjell Magne Halleraker, Ronald Skår.

Innbytte: 55 min. Thomas Vestbøstad Waage for Gjert Ståle Olsen
  75 min. Magnus Skumsnes for Kjell Magne Halleraker.
  85 min. Sondre Fykse Lie for Sindre Andreassen.
  88 min. Jan Åge Tislevoll for Ronald Skår.
            
Mål:  0-1 13 min. Kjell Magne Halleraker.
  
Nyamyro, Halsnøy 16.09.06 kl 15.00.  Tilskodarar ca 100, om lag halvparten frå Fitjar.