Kor mange har ikkje drøymt om å vinne sjølvaste toppgevinsten, den største bamsen på tivoli. Det gjorde Solveig Lambach Fitjar i dag.

 -Eg tok berre eitt lodd på 20 kr, og så synte tala 21 og toppgevinst, smiler Solveig. Ho fortel at familien har vunne ei bamse tidlegare. – Den har me enno. Det var den gongen tivoliet var på parkeringsplassen i sentrum. Og det var pappa som vann han. Han tok kolossalt med lodd, for han skulle ha den bamsen, fortel Solveig.

Av ting ho har vunne tidlegare nemner ho to bilettar til Justin Bieber-konsert og ein dvd-spelar.

Ingressbilete: Solveig Lambach Fitjar med bamsen ho vann på tivoli i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt