Nyleg innflytta fitjarbu, Elisabeth Moldestad,  fekk delt førsteplass i "Tunkattens songkonkurranse" med songen "Bøna" som vart vinnar saman med songen "Knokkelrock" av Ingvill Sannes. Dei to nye barnesongane som deler førsteprisen i Tunkattens songkonkurranse er svært ulike. Songane Knokkelrock og Bøna blei framført for første gong for 30 fjerdeklassingar på Slåtten skule i Førde onsdag føremiddag. Dei tre songskrivarane Ingvill Sannes, Elisabeth Moldestad og Ragnar Bull, deler premiepotten på 10 000 kroner.

 

Juryen, som bestod av Maj Britt Andersen, Runar Gudnason og Anne Marta V. Vadstein, har valt ut to likeverdige vinnarar av 87 innkomne bidrag. Spennvidda i songane er stor, frå vare kveldssongar til tøysevers og rock. Fleire av songane blir ein del av nettsongboka til tunkatten som er ferdig i januar, men notane til vinnarsongane kan ein finne på tunkatten.no alt no.  Elisabeth Moldestad er frå Bergen og bur på Fitjar. Ho har tidlegare budd i Askvoll der ho innleidde eit samarbeid med tonesetjaren Ragnar Bull. Dei fekk tredjeprisen i Nynorsk kultursentrum sin salmekonkurranse i 2007, og Moldestad vann også NRK Sogn og Fjordane sin julesongkonkurranse i 2001. 

Juryen seier dette om songen hennar: 

Bøna er ein roleg og ettertenksam song. Teksten er svært god og lyrisk. Songskrivaren har ikkje gått i fella med å undervurdere born si evne til å oppfatte, og tenkje på, religiøse spørsmål. Optimistisk syn på det å tru, og med tydeleg kjærleiksbodskap. Melodien er enkel og lett å lære, og høver godt for målgruppa. Songen høver særleg godt i barnekor, og vert kanskje ein av klassikarane i denne sjangeren om nokre år