A-laget til Fitjar slo Sotra 2 heile 6-2 på kunstgraset fredag kveld

Trass i tap for Fana 2 vann fotballherrane til Fitjar puljen sin i Bergens-serien, der dei også møtte 4.-divisjonslaga Odda og Trio. I går kveld trassa dei vinterkulden og tok imot Sotra 2 til semifinale. Gjestene heldt rimeleg bra følgje i første omgang og kunne gå til pause med 2-3. Men tre nye straffespark til Fitjar, alle ved Øyvind Fykse Lie, gjorde at heimelaget kunne innkassera ein så klar semifinalesiger som 6-2.

Trenar Kjell Træet seier seg svært godt fornøgd med forsvaret sitt i gårsdagens kamp. Alle dei fire faste er bankers på laget no, seier han, og på høgrebacken har Fitjar eit av dei viktigaste angrepsvåpena sine, Leif André Tangen. På midtbanen spela Øyvind Fykse Lie ein god kamp, og imponerte med fire straffespark som han sette kaldt og roleg i mål. Over påske blir det finale i Bergens-serien, men kven det blir mot, veit ikkje Kjell enno. I løpet av dagen reknar han med å få vita om motstandaren heiter Gneist 2 eller Arna Bjørnar 2.

No blir det snart ein liten påskeferie for Fitjar-herrane, seier Kjell Træet. Det blir organisert trening i byrjinga av neste veke, før dei tar ferie fram til 2. påskedag. Då har dei knappe to veker på å finpussa formen til seriestart, og Kjell vonar å kunna møstra eit skadefritt mannskap til bortekampen mot Erdal fredag 12 april. Terminlista for årets 5. divisjon finn du på nettsidene til Hordaland Fotballkrets.

Scoringane i kampen fredag kveld kom slik:
25 min. 1-0 Øyvind Fykse Lie (straffe), 27 min. 1-1, 28 min 2-1 Torbjørn Korsvik, 38 min. 2-2, 39 min 3-2 Thomas Vestbøstad Waage, 53 min. 4-2 Øyvind Fykse Lie (straffe), 80 min. 5-2 Øyvind Fykse Lie (straffe), 90 min 6-2 Øyvind Fykse Lie (straffe).

Lagppstillinga til Fitjar (4-2-3-1): Trond Henriksen (90 min.), Leif André Tangen (62 min.), Martin H. Vestbøstad (90 min.), Nils Ingard Tislevoll (90 min.), Bernt-Ove Maraas (90 min.), Kjell André Thorland (90 min.), Helge Træet (90 min.), Øyvind Fykse Lie (90 min.), Sondre Fykse Lie (21 min.), Jan Åge Tislevoll (80 min.), Thomas Vestbøstad Waage (90 min.). Reservar og speletid: Torbjørn Korsvik (69 min. for Sondre), Emil Fitjar (28 min. for Leif André), Geir Steffen Tranøy (10 min. for Jan Åge).

Gult kort: Helge Træet.