Landmarks L-43, der Jørund Fjørsne er med på laget,  sikra sigeren i den spennande havseilasen under eksotiske himmelstrøk, men ikkje heilt utan dramatikk.

Internattsida www.seilas.no fortel at det var mange utfordringar undervegs, men at godt gammaldags seglarskjøn  gjorde utslaget. -Mange seilskift og navigasjonsmessige utfordringar gjorde seilasen krevjande til tross for sommerleg temperatur og behageleg vind, heiter det.

Oppbragt av iransk patruljeskip
Seilas fortel vidare at båten vart oppbragt av iranske pasruljefartøy ettersom det viste seg at ein ved eit høve segla innanfor iransk territorialfarvann som strekkjer seg 14 nm til havs, ikke 12 som vi er vane med. – Det var ikkje ubehagelig fordi mannskapet var hyggjelege og korrekte. Men litt spesielt var det unektelig, fortel ein av deltakarane.