Mariann Vestbøstad Marthinsen gjennomførte ein super prolog under sprinten i Sotsji i dag og kom i mål med beste tid.

Dermed blir det svært spennande utover dagen. Om ikkje lenge er det semifinale. 

I intervju med Nrk1 fortel Mariann at ho var mykje meir nøgd med føret i dag enn under 12 km. No ser ho fram imot semifinale.

Mariann har vore på pallen i alle sprintrenn dei to siste sesongane.

Fitjarposten følgjer saka.