Fitjar – Rosendal: 3 – 2

Med Åsmund Sørfonn og Oddgeir Træet borte, skadar på Arild Træet og Espen Hatlevik og med Sindre Andreassen ute på grunn av to gule kort, såg det lenge til at oppgåva for Fitjar skulle bli vel tøff i Idrettsparken, laurdag. Men gutane kjempa godt, og i andre omgang tok Fitjar over mykje av føringa, sjølv om det aldri blei nokon skikkeleg god fotballkamp. Men med Thomas Vestbøstad og Kjell Magne Halleråker i spissen, gjorde Fitjar det stadig farleg for Rosendal i 2. omgang. Og i bakre rekker gjorde mellom anna Helge Træet og Tor Jørgen Larsen ein stor kamp. Sistnemnde blei og heidra som beste fitjarspelar i denne kampen.

Målskårarar for Fitjar var Ronald Skår, Kjell Magne Halleråker og Thomas Vestbøstad. Fitjar toppar stadig tabellen.

 
Thomas Vestbøstad vakna skikkeleg til i 2. omgang og var stadig ”på hogget”. Her i kamp med to Rosendalspelarar. Foto: Håkon C. Hartvedt