Under verdscupen i USA torsdag gjekk Mariann Vestbøstad Marthinsen nok ein gong inn til gull på 12 kilometer pigging.
Norges skiforbund har teke ut fem funksjonshemma utøvarar til verdscuprenna i langrenn i USA. Dette er den andre verdscuprunden og går føre seg i Wisconsin og Minnesota.
Mariann Vestbøstad Marthinsen frå Fitjar, no heimehøyrande i Loddefjord, er den einaste norske kvinnelege utøvaren i cupen. Mariann opna konkurransen med overlegen siger i 12 kilometer klassisk. Ho kom i mål nærare 3,3 minutt før sin argaste konkurrent, Francesca Porellato frå Italia, og innkasserte med det 100 verdscup-poeng.
Førstkomande måndag skal den utruleg spreke dama frå Fitjar ut i konkurranse-sporet igjen, då på 5 kilometer fri. Seinare står sprint for tur. Me gratulerer Mariann med sigeren og ynskjer ho lukke til i dei neste løpa!
Du kan sjå bilete frå verdscup og lesa meir om den norske deltakinga på skiforbundet si heimeside her.