Line Jensen Westvik er ein av ungdomsskuleelevane i 9B ved Rimbareid skule som er med i Ver-røykfri-kampanjen. I dag vart ho den heldige vinnaren av ein MP4-spelar.

Alle elevane i klassen som hadde halde seg røykfrie, var med i trekninga der Line trakk det lengste strået.

-Kjempegøy. Bror min vann òg premie i denne konkurransen, seier Line som er kjempeglad for MP4-spelaren.

-Så du vil fortsett halda deg røykfri?
-Sjølvsagt, smiler Line.