Ei stolt Carina Turøy vann fruktkurven på basaren til Norsk Misjon i Øst i Fitjar bedehus, laurdag.

Godt med pengar til misjonen kom det òg inn. -Slår ein saman det ein fekk inn på basaren, på møtet fredag og offeret i kyrkja søndag, er summen nær opp til 40 000 kroner, fortel Annbjørg Stjern Tvedt, som er kasserar i foreininga, til Fitjarposten. På basaren, laurdag, var det mellom 70 og 80 personar til stades.