Endeleg er A-laget i gang med treningskampane, og opna med 3-1 mot Finnås.

Fotballspelarane i Fitjar har fått meir trening med snøskuffa enn med ball i vinter. Og den eine treningskampen etter den andre har blitt avlyst pga. for mykje snø.

Men onsdag kveld kom dei endeleg i gang på «kunstet». Trenar Stein Gunnar Halleråker seier laget fekk ei bra gjennomkjøring. Kampen mot 6.-divisjonslaget Finnås enda 3-1, etter to scoringar av Brynjar T. Engelsen og ei av Thomas Vestbøstad Waage.